Digitale objekts plass i barns sosiale og språklege danning i barnehagen (DIGOB)

Prosjektet fokuserte på bruk av digital teknologi i barnehagen. På den eine sida er dette eit felt som får stor merksemd i planverk og styringsdokument. På den andre sida er det eit område som er underrepresentert i nasjonal og internasjonal forskingslitteratur. Det er difor stort behov for oppdatert forsking.

Prosjekt finansiert av Norges Forskningsråd (prosjekt id. 187576/S20).
Research Council project database: link
Prosjektperiode: 01.03.2008-31.03.2011

Føremål

Utvikle ny forskingsbasert kunnskap om digitale objekts plass i barns sosiale og språklige danning i barnehagen.

Problemstilling

Det er stor interesse for å ta i bruk digitale verktøy i barnehagen, og IKT er formelt introdusert overfor barnehagen blant anna gjennom ulike formuleringar i Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver. Dette trass det faktum at det finns lite norsk forsking på området.

Difor har det vore viktig å skaffa fram systematisk kunnskap om korleis digitale verktøy grip inn i barnehagen si verksemd, både når det gjeld barns språklege praksis, leikaktivitet og læring elles. Internasjonal forsking tyder på at dataspela har fått ein sentral plass i barnehagane, utan at dei vaksne nødvendigvis er veldig aktive i samhandling knytt til datamaskinen (Ljung-Djarf, 2002, 2004). Difor har det vore viktig å få innsyn i korleis barn forstår og tolkar spel, korleis dei tileignar seg ein multimodal kompetanse i møte med eit medium og ein ny teksttype innanfor barnekulturen der ulike semiotiske system spelar saman, og korleis dei eventuelt oppfattar kunnskap når denne er forankra i spel-konteksten.

Spørsmåla har vore: Kven tek initiativ til kommunikasjonen omkring digital teknologi, og kven definerer dialogen og språket? Kva er innhaldet i interaksjonen omkring digital teknologi og korleis føregår leiken og aktivitetane? Kva slags leik førekjem, og kva slags spel blir brukt? I kva grad bidreg teknologien til inkludering, eventuelt til ekskludering? Korleis arbeider barnehagepersonalet i det heile tatt med barns språklege utvikling?

Delstudier

Prosjektet har vore delt inn i to tematiske hovudområde:

Tema 1
Digitale spel, språk og samhandling. I denne samanhengen har det vore interessant og aktuelt å undersøkja korleis IKT-objekt som digitale spel vert brukt i barnehagen.

Tema 2
Roller og inklusjon i barn-barn og barn-vaksen samspel der digital multimedial teknologi inngår i samspelet. Her ønskte vi å utvikla nyansert kunnskap om alle barns utbytte av digital teknologi i dagens norske barnehagar.

Fullstendig prosjektbeskrivelse ligg her: norsk versjon / english version

Plassering i forskingsfeltet

I høve til NFRs utlysing har vore vårt forskingsfelt plassert innanfor Område 1 i utlysinga: Barnehagens innhald og barns læring og utvikling. Her etterspurde utlysinga forsking på ei rekke felt. Det overordna og samlande temaet i vårt prosjekt var digitale objekts plass i barns sosiale og språklege danning. I høve til dette temaet har vi konsentrert oss om følgjande to aspekt:

  • Forsking som undersøker språkbruk og språklæring, så vel som språkets betyding i de sosiale samanhengane barnet er en del av. Vi ønskte å relatera dette forskingsområdet til bruk av digital teknologi gjennom å studera barns språklege erfaring, praksis og samhandling omkring digitale spel.
  • Viten om kva for ein tyding barnehageopphaldet har for barn med nedsett funksjonsevne, og korleis det påverkar barnehagen som sosialt fellesskap. I høve til dette ønskte vi å fokusera på roller og inklusjon i barn-barn og barn-vaksen-samhandling, der digital multimedial teknologi inngår i samspelet.

Rapportar/publikasjonar

Forskingsteam

HSH
Førsteamanuensis Knut Steinar Engelsen, prosjektleiar
Stipendiat Vigdis Vangsnes
Førstelektor Nils Tore Økland
Stipendiat Margrethe Jernes

Eksterne deltakarar/samarbeidspartnarar
Professor Lydia Plowman, University of Sterling, Inst. of Education
Ass Prof. Dr. Christine Stephen, Univerity of Sterling, Inst. of Education
Førsteamanuensis Marit Alvestad, Universitetet i Stavanger

Kontakt

Prosjektleiar, Knut Steinar Engelsen