Forskargruppe for innovativ teknologiutvikling i utdanning (FORITEK)

Tema: Forsking, utvikling og innovasjon knytt til læring og undervisning i læringskontekstar der teknologi er ein vesentleg del av læringsøkologien. 

Leiar: Professor Knut Steinar Engelsen

Forskargruppa har ei grunnleggjande konstruktiv og kritisk tilnærming til forskingsfeltet. FoU-aktiviteten vil dreie seg om å utfordre etablerte didaktikkar, med sikte på å identifisere og utforske område der teknologien kan utvikle faga sin didaktikk på produktive måtar. Samstundes vil ein søke å identifisere og utforske uventa negative følgjer av bruk av IKT i skulesamanheng, både didaktisk men også på meir overordna nivå, – å synleggjere kva konsekvensar til dømes tidleg digitalisering har for dei unge si sosiale og kulturelle utvikling og danning. I dette ligg også å synleggjere maktstrukturar bak digitaliseringa. Eit overordna perspektiv her er å utvikle kunnskap om korleis lærarar og lærarstudentar kan få dei analytiske reiskapane som er naudsynte for å kunne utvikle eit konstruktivt og kritisk blikk på teknologibruk i lærings- og undervisningsverksemda.

Aktiviteten i forskargruppa vil orientere seg langs fem aksar: 1) fagleg-didaktisk, 2) pedagogisk, 3)  infrastrukturell, 4)  tekniske og innovativ og 5) medium og design.

  1. Den fagleg-didaktiske aksen dreier seg om forsking som tek utgangspunkt i fagdidaktiske problemstillingar, – konkrete utfordringar som møter læraren i fagundervisninga der IKT inngår som eit vesentleg element, først og fremst med sikte på å effektivisere og aktualisere fagundervisning. Her er det fag- og fagdidaktisk kompetanse som står i sentrum.
  2. Den pedagogiske aksen har fokus på teknologi som middel for å nå utdanninga sine normative mål. Her er teknologien underordna dei pedagogiske måla ein prøver å nå. Ein vil t.d. sjå på måtar teknologi kan knytte menneske saman på, redusere fordommar, auka elevar si forståinga av seg sjølv og andre, vere ein inngang til kreativitet og livsutfalding med meir. Med eit kritisk perspektiv ser ein også på korleis sider av digitaliseringa kan undergrave pedagogiske målsetjingar. Denne aksen krev også tette band til og samarbeid med fagseksjonane.
  3. Den infrastrukturelle aksen er knytt til det faktum at aukande bruken av IKT dei siste åra har ført til at fjern- eller nettbasert-undervisning og  campusbasert undervisning (andlet-til-andlet) har nærma seg kvarandre, nokre vil sei konvergert. I arbeidet med denne hybridiseringa av utdanninga er vi opptekne av kva behov og forventningar livslang-læring-studentar og lærarar i høgare utdanning har. Refleksjonar knytt til didaktisk bruk av IKT – er eit vesentleg punkt i lærargjerninga. Vi vil bygge på erfaringar og vitskaplege analysar  og med dette som utgangspunkt drøfte og reflektere kring interessante pedagogiske problemstillingar og også bruke dette som kunnskapsgrunnlag i design av nettbaserte studietilbod innafor HVL sin studieportefølje.
  4. Dei tekniske og innovative aksane har merksemda retta mot den tekniske sida av feltet og mot utvikling av innovative og teknologirike læringsomgivnader, knytt til t.d. programmering, simuleringar, kunstig intelligens, læringsanalyse og nettverksanalyse. Her vil ein både utforske og søke å påverke «state-of-the-art» på feltet i samarbeid med nasjonale og internasjonale partnarinstitusjonar. Denne aksen har fokus på det teknologifaglege og pedagogiske, og er mindre avhengig av tette band til fagseksjonane. Her vil det dreie seg om å bygge opp eit miljø for å eksperimentere, prototype og vere nyskapande og utprøvande, ikkje minst med sikte på å etablere forskargruppa også som eit knutepunkt inn mot utvikling av eit nytt teknologifag si skulen.
  5. Forsking innanfor  medium-  og designaksen er retta mot design-prinsipp med fokus på korleis einskilt-teknologiar og digitale økosystem har innverknad på prosessar for meiningsskaping. Det vil vere av interesse å undersøke korleis teknologiar samanstiller og bruker ulike semiotiske ressursar for å oppnå ønska målsetjingar, og forske på korleis mottakarane opplever møtet med slike teknologiar og korleis dei vert tekne i bruk i praktiske situasjonar. Særleg ønskjer ein å ekstrahere generiske prinsipp som kan leggje grunnlaget for utvikling av nyskapande pedagogikk. Samstundes inneber forsking på meiningsskaping at ein også ser på korleis teknologiar kan brukast til manipulasjon av meiningar ved å innverke i det skjulte t.d. ved målretta politisk og kommersiell «reklame» basert på programmerte algoritmar. Læringsanalyse må i lys av dette undersøkast både med tanke på konstruktive inngangar til utdanning, men med eit vakent auga for utilsikta negative konsekvensar.

Medlemmer:

  • Aslaug Grov Almås, førsteamanuensis
  • Thomas Arnesen, stipendiat
  • Elen Instefjord, stipendiat
  • Margrethe Jernes, førsteamanuensis
  • Svein Ove Lysne, førstelektor
  • Anders Grov Nilsen, førstelektor
  • Anne Kristin Rønsen, førsteamanuensis
  • Jostein Tvedte, førstelektor
  • Vigdis Vangsnes, førsteamanuensis
  • Knut Steinar Engelsen, professor (leiar)

Prosjektoversikt

Prosjekttittel Deltakarar Prosjekttype URL Kort beskrivelse (2-3 setningar)
Learning in the 21st century: bridging the gap between digital youth culture and education. Norway, Sweden and Finland Thomas Arnesen NFR – forskarprosjekt http://prosjektsider.hsh.no/l21/ L21 rettar fokus på elevar og lærarar sine oppfatningar av tilhøvet mellom skule og nett. Det er særleg sett på korleis nettbruk på skulen er assosiert med elevar si evne til å utøve sjølvdisiplin med eit utval frå Noreg, Sverige og Finland. Ulike måtar å kople elevane sin digitale kvardag til skule- og utdanningsmålsetjingar er undersøkt og generiske prinsipp for eksemplarisk brubygging er tilrådd. Ein har også prøvd ut ein del tilnærmingar i praksis på vidaregåande skular.
Lærar for ein dag Anders Grov Nilsen

Aslaug Grov Almås

Else Vikanes Bjelland

Marit Kulild

Jorunn Høyland

Noregsuniversitetet https://norgesuniversitetet.no/prosjekt/laerar-for-ein-dag Eit konsept som kombinerer on- , off- campus-aktivitetar og utvikling av nye praksisar i fleksible lærarutdanningar. Målet med prosjektet «Lærar for ein dag» er å utvikla ein metodikk ved hjelp av ein prototype/eit digitalt skjelett som kan fyllast med fagressursar som dermed er overførbar til heile den nettstøtta lærarutdanninga.
Professional Digital Competence in Teacher Education: A mixed methods study of the emphasis on and integration of Professional Digital Competence in Teacher Education Programmes in Norway. Elen Instefjord PhD-prosjekt The overall aim of the study is to gain knowledge about how pre-service teachers are trained to use technology during their time in teacher training. The thesis is grounded on a general assumption that use of technology and development of professional digital competence for pre-service teachers take place within a sociocultural environment. Therefore, the thesis draws on a sociocultural perspective, with particular focus on Wertschs (1998) distinction between mastery and appropriation of cultural artefacts.  This theoretical foundation is integrated with theories and research on digital competence.
Studentar som forskingsteam. Anders Grov Nilsen

Aslaug Grov Almås

Thomas Arnesen

Norgesuniversitetet Hovedmål: Å nytte ulike forskingsmetodar som pedagogisk metode i fag for å la studentane aktivt skape kunnskap og lære digitale forskingsverktøy som del av læringsprosessen.
Building Sustainable Digital Practices in Kindergarten Literacy and Arts Programmes  (DIGISUS) Ingrid Grønsdahl Arnesen

Knut Steinar Engelsen

Magne Espeland

NFR – søknad DIGISUS er eit kompetanseprosjekt som involverer BLU ved HVL og barnehagar på Stord og Tysnes.  Fokus er på utvikling av berekraftige praksisar som involverer skjermbasert og ikkje skjermbasert teknologi, med spesielle merksemd på tidleg literasitet, kreativitet, leik og estetiske læreprosessar.  Prosjektet har eit overordna kvalitativt forskingsdesign, men med innslag av kvantitative metodar.
Koding som generisk ferdighet og som inngang til fagdidaktisk utvikling Svein Ove Lysne

Anders Grov Nilsen

Prosjekt under utvikling Prosjektet studerer teknologi og programmering i undervisning og læringsarbeid. Prosjektet ser på korleis ein kan bruke programmering som grunnlag for forståing av teknologi, algoritmisk tenking, koding, modellforståing og styring.
Framtidas ingeniørutdanning Aslaug Grov Almås

Rannveig Litlabø

Kværner

Apply Leirvik

Bergen Tekniske fagskule

Atheno

Norgesuniversitetet Målet med prosjektet er å utvikla den pedagogiske tilrettelegginga av nettstøtta utdanningar. Studentar er i større grad i jobb samtidig som dei studerer og prosjektet vil utnytta det potensialet som ligg i arbeidsplassen som arena for læring.
Etikk, sosiale medium og lærarutdanning Aslaug Grov Almås

Ingrid Helleve

Brita Bjørkelo

Samarbeidsprosjekt mellom UiB, HSH, Politihøgskulen og Monash University https://www.cristin.no/app/projects/show.jsf?id=411053 Overordna spørsmål i prosjektet er korleis lærarstudentar opplever dei etiske aspekta ved bruk av Facebook og korleis lærarstudentar håndterer kombinasjonen av privat informasjon gjennom sosiale nettverk i deira profesjonelle utvikling som kommande lærarar
Bridging Professional Practice and Education: Professional development in Biomedical Laboratory Scientist Education Aslaug Grov Almås

Elisabeth Ersvær

NFR- søknad The main objective for our knowledge-building project is to develop educational research tools within the biomedical laboratory scientist education programme in Norway in order to i) improve the learning outcome of students in professional practice, and ii)  increase competences for teachers and professional practice supervisors.
Digitale forteljingar i barnehagen Vigdis Vangsnes

Marianne Undheim

Vidaerføring av masterarbeid, Marianne Undheim. Fokus i prosjektet  er på  barnehagelærarane sin faglege, pedagogiske og teknologiske kompetanse når dei involverer barnehagebarn i produksjon av digitale forteljingar. Funna viser at barnehagelærarane framhevar det pedagogiske og teknologiske på bekostning av det faglege når dei grunngjev kva dei vektlegg når dei produserer digitale forteljingar i barnehagen, og at dei i liten grad legg vekt på sin eigen faglege forteljekompetanse. Gjennom analyse av empirien, sett i lys av teori, konkretiserer me det me meiner er sentralt i barnehagelærarane sin kompetanse.
Håndholdt og skybasert teknologi som støtte i praksisveiledning Anne Kristin Rønsen Prosjekt i samarbeid med masterstudentene Mette Ulvedal og Karin Mjelde Målet med prosjektet er å bidra til at lærerstudentane si forståing av korleis teori og praksis samhandlar og på denne måten støtte faglig og profesjonell utvikling blant studentane. Lærarutdanninga består av både on-campus aktivitetar og undervisningspraksis der studentane praktiserer som lærarar under rettleiing av ein erfaren lærar. Prosjektet fokuserer på korleis lærerstudentar og deira rettleiarar kan auke læringsutbyttet før, under og etter ein rettleia undervisningstime. Gjennom observasjonar og intervju analyserer vi lærarstudentane sin praksis, på leit etter reflekterande læringsprosessar. Eit sentralt forskingsspørsmål  er korvidt og på kva måte desse prosessane kan støttast og studentane myndiggjerast ved hjelp av  handhaldt og sky-basert teknologi.