Formål
I utviklingsprosjektet «Lærar for ein dag» er det eit mål at ein gjennom aktiv læring tek «omvendt klasserom» og «samarbeidslæring» eit steg vidare. I «Lærar for ein dag» ønskjer me å kombinera on- og off-campus aktivitetar, og utvikla nye praksisar i fleksible lærarutdanningar.

Samandrag
Lærarutdanninga har det siste tiåret vore utsett for omleggingar. Endringane fører til at noko blir nettbasert og noko vert deltidsstudium. Når me hybridiserer utdanningane må me tenkja nytt mellom anna omkring korleis me organiserer t.d. on- og off- campus-aktivitetar, og utvikla nye praksisar og ressursar. Studentane vil ikkje koma til campus for å delta på tradisjonelle einvegsførelesingar som kunne vore distribuert via nettet. Men dei vil koma til campus for å ta del i meiningsfylte og lærerike aktivitetar.

«Lærar for ein dag» tek utgangspunkt i redesign av emnet «Pedagogikk og elevkunnskap (15 sp)». Gjennom denne redesignen utviklar me samstundes ein metodikk som er overførbar til heile den nettstøtta lærarutdanninga.

For å lukkast med prosjektet vil me gjennomføra følgjande aktivitetar:

  • Utarbeida autentiske og realistiske case frå praksisfeltet. Desse skal visualiserast godt.
  • Case/scenario skal setjast i ei ramme/portal.
  • Case og portal skal vera ein pedagogisk ressurs for LU-læraren.
  • Kontinuerleg refleksjon blant dei involverte i prosjektgruppa (praksisfeltet, LU og det pedagogiske IKT-miljøet) om korleis me utviklar nye tidsriktige praksisar for nettstøtta lærarutdanning. Slik blir dette ein del av kompetansehevinga av fagtilsette og praksislærarar.

Partnarar

Høgskulen på Vestlandet (HVL)
Førstelektor Anders Grov Nilsen, prosjektleiar
Førsteamanuensis Aslaug Grov Nilsen
Høgskulelektor Else Karen Vikanes Bjelland
Høgskolelektor Marit Kulild
Høgskolelektor Jorunn Høyland

Universitetet i Stavanger (UiS)
Seniorrådgjevar Helene Gram
Underdirektør Atle Løkken
Førstelektor Jorunn Thortveit

Leirvik skule
Rektor Bjarte Bongom
Adjunkt Linda Petterteig

Stord ungdomsskule
Rektor Anne Sissel Mugaas
Adjunkt Ellen Salomonsen

Prosjektet er finansiert av Norgesuniversitetet (P29/2016).
Prosjektperiode: 2016-2017
NUV-info

Kontakt

Førstelektor Anders Grov Nilsen (HVL), prosjektleiar
Telefon: 53491511

Ressursar 

Last ned appen «Lærar for ein dag» frå AppStore eller GooglePlay

Brukarrettleiing