Oracy in Teacher Education (ORITE)

Gruppe for forsking på kvalitetar ved samtalen i lærings- og undervisningssituasjonar.

Forskargruppeleiar: Sissel Høisæter

Kontakt:  sissel.hoisaeter@hvl.no

1) Innhald: Den gode faglege samtalen: oracy og diskurs

Hovudfokuset i forskargruppa er læringsfremjande, faglege samtalar. Mange teoretiske perspektiv vil bidra til forsking på dette temaet, t.d. teoriar om  kommunikasjon, interaksjon, samtale, retorisk teori, og talesjangrar, om dramaturgi, om mediering av det munnlege osv. Den læringsfremjande samtalen kan knytast til omgrepa ‘oracy’ og diskurs. ‘Oracy’ er eit omgrep som vart laga av den britiske utdanningsforskaren Andrew Wilkinsonpå 60-taleti analogi med omgrepa ‘literacy’ og ‘numeracy’. (Haworth 2010). Oracy  er ‘munnlegkyndigheit’, og det skildrar ein munnleg kompetanse som går ut over ferdigheiten å snakka. ‘Oracy’ dreier seg om å kunna involvera seg i munnleg interaksjon, der situasjonen og konteksten for den munnlege kommunikasjonen, både fagleg og sosialt, og omsynet til deltakarane i kommunikasjonen er viktige rammefaktorar den talande må ta omsyn til. Oracyomgrepet peiker også på at det munnlege er eit medium for læring.

Diskursive perspektiv vil også vera sentrale i forskinga. Eit døme på ei forklaring på omgrepet diskurs er ”Diskurs” innebærer en idé om at språket, og med det våre tenknings- og handlingsrom, er strukturert i mønstre som våre utsagnfølger når vi er aktive på ulike arenaer, i tenkning, tale, handling og kommunikasjon generelt. (Schei 2007, s. 22). Lærarutdanningsinstitusjonar, skular og barnehagar er arenaer som har rådande diskursar.

2) Bidrag til forskningsfeltet:

Omgrepet oracy er ein parallell til det meir brukte omgrepet literacy.  Literacy, numeracy og oracy var saman med digital kompetanse alle sentrale omgrep i utviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene som ein bærande idé i Læreplan for Kunnskapsløftet 2006. I dei ti åra som har gått sidan den gong har dei munnlege ferdigheitene fått mindre merksemd i den offentlege debatten og gjennom forsking, enn dei andre ferdigheitene. Årsaker kan vera at det munnlege er ikkje knytt til nasjonale prøver, og det munnlege er også den einaste ferdigheiten som ikkje har fått eige nasjonalt senter. Det kan sjå ut til at denne tendensen er i ferd med å endra seg, og at det munnlege no får meir merksemd.  Døme på forsking som rettar fokuset på den munnlege samtalen er forsking på lesestrategiar, og forsking innan mattematikkdidaktikk som har fokus på korleis ein gjennomfører klasseromssamtalen i matematikk (t.d. Høines et. al).

Aktiviteten i forskargruppa vil utvikla innsikt og forståing for arbeid med den faglege samtalen i mange ulike fag og kontekstar, og med korleis ein kan utvikla lærar- og barnehagelærarstudentane sin kompetanse til å initiera og leia slike samtalar.

Prosjekt

Prosjekttittel Prosjektdeltakarar Prosjekttype/tidsrom
Spor av dei andre – dialogisme i argumenterande elevtekstar Hege Myklebust, HSH Phd-stipendiat 2013-2017
Å lære å utøve ambisiøs og improvisatorisk matematikkundervisning i lærerutdanningen Gry Tuset, HSH Phd-stipendiat 2013-2017
Samtalar i skulen, med vekt på læraren si språklege tilpassing i samtale med fleirspråklege elevar Brita Høyland, HSH Phd-stipendiat 2016-2020
On the use of examples in classroom conversations SisselHøisæter IMTE-publisering/ professorkvalifiseringsstipend 2016-2017
On teacher roles Vigdis Vangsnes IMTE-publisering/ professorkvalifiseringsstipend 2016-2017

Medlemmer:

  • Marit Kulild, høgskulelektor
  • Vigdis Vangsnes, førsteamanuensis
  • Aslaug G. Almås, førsteamanuensis
  • Jorunn Steensnæs, høgskulelektor
  • Merete ø Sortland, førsteamanuensis
  • Knut Steinar Engelsen, professor
  • Gry Tuset, stipendiat
  • Brita Høyland, stipendiat
  • Hege Myklebust, stipendiat