Refleksjonsbaserte lærarmapper
Problemstilling
«En overordnet målsetting med Kunnskapsløftet er å øke læringsutbyttet for alle elever. Faglige og relevante tilbakemeldinger fra lærer, instruktører og medelever er en viktig del av læringsprosessen, … Det er derfor avgjørende at lærerne har en vurderingskompetanse og vurderingspraksis som bidrar til å utvikle elevenes faglige kompetanse, …»
(Oppdragsbrev til Utdanningsdirektoratet, 30. januar 2007)
Kor vidt og i tilfelle korleis kan ein ved hjelp av ulike former for refleksjonsbaserte mapper styrkje lærarane og lærarstudentane sin vurderingskompetanse sett i lys av måla for Kunnskapsløftet?
Prosjekt finansiert av Norges Forskningsråd (Prosjekt id. 182883/S20).
Prosjektperiode: 01.11.2007-31.03.2010, sluttrapport
Research Council project database: link
Føremål
Prosjektet var både knytt til allmennlærarutdanninga ved HSH og til ein skuleutviklingsprosess på to Stord-skular der målet var å betre læringsvilkåra for elevane gjennom å styrkje vurderingskompetansen til dei involverte lærarane og lærarstudentane. Refleksjonsbaserte mapper var sentrale reiskap i denne prosessen.
Plassering i forskingsfeltet
Vår posisjonering innan forskingsfeltet kunne nærare spesifiserast som «Mappebasert læring og vurdering». Vi har spesielt fokusert på digitale lærings- og vurderingsmapper i relasjon til konteksten grunnskule og lærarutdanning, med eit sosiokulturelt læringsperspektiv som overordna teoretisk bakteppe.
Aksjonsforsking som metodisk grunnlag
Prosjektet introduserte ein pedagogisk reiskap, refleksjonsbaserte mapper, og siktemålet var å finne ut om, og eventuelt i kva grad, bruk av slike mapper kan bidra til at lærarar og lærarstudentar kan utvikle betre kompetanse i:
- didaktisk vurdering
- elevvurdering
- systemvurdering
Forskingskontekst
To barneskular på Stord:
- Sagvåg skule – 5 lærarar
- Tjødnalio skule – 4 lærarar
Fullstendig prosjektbeskrivelse ligg her: norsk versjon / english version
Forskingsteam
- Knut Steinar Engelsen, 1. amanuensis i pedagogisk informasjonsvitskap, dr.polit. Fungerte som prosjektleiar i ein postdoc stilling i prosjektet.
- Kari Smith, professor i pedagogikk ved Universitetet i Bergen. Deltok i prosjektet som fagleg og metodisk rettleiar.
- Bjørn Meling var tilsatt som forskar i prosjektet.
- Tord Eide, høgskolelektor i pedagogikk ved Høgskolen Stord/Haugesund. Deltok som forskar i prosjektet.
- Elisabeth L. Sørdal, høgskulelektor i pedagogikk. Deltok som forskar i prosjektet.
- Anne Kristin Rønsen, stipendiat i prosjektet.
Kontakt
E-post: rlm@hsh.no